Av Olaf Jørgen Varslot |
Garden Volden, gnr 180, bnr 1, ligg i Helgådalen i Verdal herred.
Garden ligg 27 km frå Verdalsøra ved Trondheimsfjorden, og
høgda over havet er 87 m.
Namnet Volden har hatt mange ulike skrivemåtar til dei ulike tider.
I 11626 finn ein det skrivi Wollenn, i 1664 Wolden og i 1723 Wollen eller
Wolden. Namnet kjem fra det gamalnorske hannkjønnsordet vollr som
tyder voll.
Volden har i dag eit dyrka areal på pmlag 130 dekar- Jorda består av eit heller godt sandmolag ovst, og under er det leire. Forutan dyrkajorda, er det omlag 70 dekar beitemark og skrapjord.
Det vart i 1964 utført ny grenseoppgang på Volden etter initiativ frå eigaren. Av di Helgåa stadig grev og finn seg nye leie, har det vori veldig ugreitt med grensene.
Elvegrensa i Helgåa går no - -
her følger grensemerkebeskrivelsene som ikke føres
inn her foreløpig.
Av di eigedommane mot Helgåa er mykje utsette for utras, som
kan brigda elveleiet, vart det vedteki at elvefisket skulle vera felles.
Skogarealet på Volden er 346 dekar, og den gjennomsnittlege driftsveglengda er omlag 300 m. Fjellgrunnen i skogen består av kambro - siluriske bergartar frå 300 mill. år tilbake. Med kambro-siluriske bergartar meiner ein særleg sandstein, leirskifer og kalkstein. Det lause jordlaget er vesentleg forvitringsjord. Det er ein del leirjord ned mot Malsåa og skredjord og ein del blokkmark i styrningane. Markvegetasjonen er medels. Han vert dominert av bærlyng. På plantefelta er det mykje gras og urtar som gjer sjansane for naturleg tilvekst små.
her følger arealfordeling for skogen fra registrering/taksering i 1954, som ikke føres inn her foreløpig
Skogen på Volden var den 18. spril 1959 assurert i "Det norske
gjensidige Sogbrand-forsikringsselskap". Assuransesummen var 50 000 kr
som vart betalt ved ein eingongspremie på 915 kr. Polisen er ein
"Allfremtids-skogbrannforsikringspolise", og som det ligg i namnet, gjeld
polisen for all framtid. Den største assurerte dimensjonen er 15
ca diamenter målt i brysthøgde både for gran og furu.
Omkring 1650 dreiv ein mann som heitte Krestofer Rasmussen garden. Da Krestoffer døydde, kom Ellev Anderssen til garden. Han gifta seg med enka, Gunhild Barosdotter. Bygselssummen var 21 rdl 1 ort 8 sk. I 1657 var det 2 hestar, 10 kyr, 4 sauer, 5 geiter og 2 grisar på garden. (1)
I 1662 bygsla Karl Pedersen en del av garden for 13 rdl. Det synest ganske tydeleg at det med dette skjedde ei varig deling av garden, som til vanleg vart kalla Holmen. Den delen Karl Pedersen fekk, var Overholmen mellom, som i 1600-åra stadig går under namnet Holmen. Den delen Ellev Andersen fekk, var Volden, som gjekk under namnet «Holmen eller Volden». Volden vert etter dette oppført med ei skyld på 1 øre 12 mkl.
Medan garden i matriklar (2) og skattemanntal går under namnet «Holmen eller Volden» eller berre Holmen, har folketeljingane eit anna namn. I teljinga fra 1665 finn ein under «Fuglie Wold» eigaren Ellef, som da var 44 år. I 1666 vert eigedommen kalla Fugliwold. Dette må utan tvil gjelda Volden.
Ved matrikuleringa i 1669 vert garden kalla Wollen. Eigaren er framleis Elleff Anderssen (skrivemåten på Ellev varierer). Tienden vart sett til 2 skjepper bygg og 4 skjepper havre (3). Leidangen (4) vart sett til 1 ort og småtienden til 1 ort 8 sk. Ellev Andersen døydde i 1704, og var da 83 år.
Laurits Hofstad fekk bygselbrev på garden (som ved dette høvet vart kalle Volden) 22. februar 1706. Det vart tinglyst 6.juli 1707. Bygselsummen var 5 rdl.
Han hadde imidlertid ikkje garden lenge. Jon Kristensen fekk bygselbrev 20 november 1710, tinglyst 26 januar 1711. Han leid store tap under innfallet til svenskane vinteren 1718. Skadane er merkeleg nok oppgjevne under eitt for Overholmen mellom og Volden.
Oversikt over skadane,
Alt på erkebiskop Gaute si tid (1490) åtte Krona 1 øre i Overholmen . Det voks i løpet av 1500-åra til ½ spand. Sidan voks andelen til Krona enda meir. Det endte med at Volden på ein auksjon i Trondheim i tida 20.januar til 6. mars 1728 over kongeleg gods, vart selt til Anna Katarina van Stricht, enka etter lagmann Peter Drejer for 100 rdl (Overholmen vart og selt på denne auksjonen). Skjøtet vart først utstedt 28 mars 1735. Dottera hennar, Ernestina Kunigunda Drejer, selte garden som enno vart kalla Holmen, i følge skjøte av 9.september 1735, tinglyst 5. mars 1736, tilbake til Jon Kristensen, som kalla seg Jon Kristensen Volden. Kjøpesummen var 100 rdl.
Den eldste sonen til Jon Kristensen Volden, Kristen Jonsen Volden, født på Volden i 1715, overtok garden i følge skjøte utstedt og tinglyst 7.september 1752. Kristen var ein dyktig og tiltakslysten mann. Han dreiv garden monaleg opp; han hadde til og med pengar å låna ut. Han vart gift med Marit Sevaldsdotter Stiklestad, født i 1729. Han hadde truleg fått ein del pengar som medgift.
Etter er tid døydde Kristen, og Marit gifta seg med den 22 år yngre Ole Iversen Haugan. Ved ein kontrakt av 3 oktober 1792, tinglyst 21. februar 1793, vart Ole og stesonen (sonen til Marit og Kristen), Sevald Kristensen, født i 1760, samde om å dela garden slik at kvar av dei dreiv ein halvpart.
I 1795 kjøpte Sevald Kristensen Volden garden Varslåtten for 597 rdl. Skjøtet er av 25 februar. Han dreiv no Varslåtten som underbruk under Volden.
I ein protokoll over folketeljinga fra 1801 finn ein at Volden er oppført
to gonger. Det viser klart at garden var delt.
| Wolden | ||||
| Personens fulle Navn i enhver Familie | Hvad enhver Person er i Familien |
|
Ugift el. gift og hvor ofte de have været i Ækte el Enkestand | Personenes Tital, Emede, Forretnin, Næringsvek el. hvad de leve Af |
| Sevald Christensson | Huusbonde |
|
Begge I første Egteskap | Bonde og GaardBruger |
| Ingebor NielsDatter | Hans Kone |
|
||
| Christen Sevaldsøn | Deres Børn |
|
Hos foreldre | |
| Martha SevaldsDatter |
|
|||
| Ole Sørenssøn | Tienere |
|
Ugift | |
| Ingebor SevaldsDatter |
|
Ugift | ||
| Ingebor PedersDatter |
|
Ugift | ||
| Torkild Amundsøn | Mand |
|
Begge I første Egteskap | Huusmand med Jord |
| Anne BastiansDatter | Hans kone |
|
||
| Amund Torkildssøn | Deres Søn |
|
||
| Wolden | ||||
| Ole Iverssøn | Huusbonde |
|
I første Egteskap | Bonde og GaardBruger |
| Marith SevaldsDatter | Hans Kone |
|
I andet Egteskap | |
| Bereth OlsDatter | Tienere |
|
Ugift | |
| Mathias Johannessøn |
|
Ugift | ||
| Peter Samuelsøn | Mand |
|
I andet Egteskap | Huusmand med Jord |
| Gurue SimonsDatter | Hans kone |
|
I første Egteskap | |
| Samuel Peterssøn | Deres Børn |
|
Hos foreldrene | |
| Marit PetersDatter |
|
I følge skjøte av 6.februar, tinglyst 7. februar 1805 overtok Sevald Kristensen også Ole Iversen sin halvdel av garden for 495 rdl. Marit og Ole fekk da kår. Dei fekk Lilleengvolden og eit bestemt slåttstykke. Dersom alderdommen skulle hindre dei i å dyrka dette, skulle det ombyttast med ei årleg yting på 2 tdr bygg og 8 tdr havre. Kåren skulle berre ytast så lenge Marit levde. Ho døydde i 1815.
Enda større vart garden da Jokob Eriksen Overholmen ved kontrakt
av 24. juli 1815 tinglyst 16. august 1820 overdrog sin andel i Krokåtnesset
på nordsida av elva mot ei årleg avgift på 24 riksbankskilling
til Sevald Kristensen.
Sevald Kristensen var gift med Ingeborg Nilsdatter Grundan, og deira
son var Kristen Sevaldsen.
Kristen Sevaldsen Volden
overtok
farsgarden i følge skjøte av 6 februar, tinglyst 7. februar
1821. Kristen Sevaldsen kjøpte Kolstad austre for 460 spdl den 24.
april 1826 på auksjon. Han fekk skjøte 12. august, tinglyst
16. august 1826. Kolstad kjøpte han vesentleg fordi garden åtte
ei flaumsag ved elva Skitrenna. Ved ein skjønnsforretning vart det
slegi fast at saga ikkje kunne verta brukt anna enn i storflaum, og at
det ikkje kunne sagast meir enn 4 tylfter pr år. Saga låg nedanfor
den fossen ein i dag finn nedanfor Skitrennbrua. Tanken var å saga
både til husbehov og til sal, men det viste seg å vera vanskeleg
å frakta materiale dit, så nytta av saga var ikkje stor. Sagbruket
fekk i dokumenta namnet «Schietrengen».
Kristen Sevaldsen Volden vart ein velståande mann, og hadde mykje pengar å låna ut. Han åtte no både Volden, Kolstad austre og Varslåtten. Desse eigedommane vart i 1838 taksterte til i same følgd 1400, 700 og 500 spdl. På desse gardane som han dreiv under eitt hadde han 8 hestar, 34 klavebundne og 85 småfe. Utseden var 32 tdr korn som gav 4 fold (5). På Volden hadde han dessutan eit kvernbruk.
I 1829 kom det til tvist mellom futen og Kristen Sevaldsen Volden om hogging i Leksdal allmenning. Partane møttest for retten den 3. august, og Kristen vart anklaga for ulovleg hogging, men han gjekk ikkje med på forlikskrava (6).
I 1836 kjøpte Kristen Sevaldsen Volden garden Lein på auksjon for 2504 spel. Han fekk skjøte på garden 12. august, tinglyst 17. august 1836. Med Kristen kom ei anna grein av den gamle Leinsætta inn på garden igjen. Kristen var soneson til Kristen Jonsen Volden som i 1752 overtok Volden. Kristen Jonsen var gift med Marit Sevaldsdatter Stiklestad, som igjen var sonedotter til lensmann Sevald Sivertsen Lein. Kristen flytta no til Lein, og etter vanleg skikk på denne tid, tok han gardsnamnet og kalla seg Kristen Sevaldsen Lein.
Kristen og Gundbjørn, eigaren av den andre Kolstad-garden, kom i 1841 i konflikt med eigarane av Verdalsgodset, mellom anna Nikolai Jenssen, som påstod at dei var forplikta til å fjerna gjerde og ei oppsett høyløe i Juldalsallmenningen, som Jensen åtte. Saka vart teken opp for retten, og Jenssen idømt saksomkostnader, men den vidare utviklinga i saka er ukjent.
Kristen Sevaldsen Lein byrja no å bli eigar av et heilt lite gods. Men etter at han kom til Lein, selde han etter tur det tre tidlegare gardane sidan, Volden i 1840, Varslåtten i 1842 og Kolstad i 1845.
Eigar av Volden vart nå Sivert Evensen Høislo, som sidan kalla seg Sivert Volden. Skjøtet er fra 30.desember 1840, tinglyst 2. februar 1842. I 1845 var buskapen på garden 3 hestar, 12 storfe, 12 sauer, 12 geiter og 1 gris. Utseden var 1 td bygg, 9 tdr havre og 5 tdr poteter.
I 1849 kom Sivert Volden i tvist med Iver Åkervolden om rettane til ei fjellslette. Dei møttest personleg til forlik 1. oktober, men det synte seg umogleg å få til forlik. Saka skulle derfor verta avgjort ved rettargang.
Ved skjøte av 14. desember 1853, tinglyst 8. februar 1854, selde Sivert Evensen garden til Nikolai Jenssen. Han var ein av hovudeigarane til Verdalsgodset, og Volden kom difor til å tilhøyra det.
Ved kontrakt av 12. januar 1854, tinglyst 13. august 1873, selde Nils
Hansen Bjørstad frå Bjørnør på Fosen garden
sin, Bjørstad vestre, til Nikolai Jenssen, mot å få
feste på Volden. Han fekk forpaktingskontrakt på garden 12.
januar 1856, tinglyst 5. februar 1859. Han heitte tidlegare Nils Hanssen
Skjelstadaunet. Kona hans, Barbro Anna Andersdatter var frå Frosta,
og før det kom til Bjørstad hadde dei budd i Åsen.
| Wolden | ||||||
| Eierens eller Brukerens Navn | Nuværende skyld
Spd. Ort. Skill |
Omtrentlig Størrelse og Beskaffenhet av Gaardens Ager og dyrkede Eng | Omtrentlig Størrelse og Beskaffenhet av naturligt England ved Gaarden | Har Gaarden Udslaatter og Fjeldslaatter og saafald av hvilken betydning | Har Eiendommen udyrket Jord som er skikket til Opdyrkning ? | Aarlig Udsæd av enhver Sædart |
| Nils | 8 3 11 | 256 Maal, en større Del Sandmo, resten stiv Leerjord | 30 Maal, middels | En Sætervold og endel Fjeldslaat 1 1/2 Mil fra Gaarden | Nei | 1 td Bygg
20 " Havre 10 " Pot |
| Aarlig Avling av enhver Sædart og af Hø | Kreaturhold | Gaardens Havnegang dens Beliggenhed, Beskaffenhed og Tilstrækkelighed | Har Eiendommen Skov til Husbruk | Haved Skovprodukter til Salg og af hvad Slags samt hvor meget omtrent i Gjennomsnitt aarlig ? | Haves der Adgang til Beændsel av anden Art end Ved | Adgang til Fodersurrogater samt disses Art og Mængde |
| 4 Td Bygg
100 " Havre 50 " Pot 150 sekker Hø |
3 heste
14 stor- 30 smaaafæ |
Tvende Sætre haves samt tilstrækkelig Hjemhavning | Ja | Nei | Nei | Tørt Løv |
| Har Gaarden mere end alminnelig leg eller vanskelig Adkomst til Vei eller til Søen eller til Avsetningssted ? | Er Gaarden mere end almindelig letbrugt eller tungbrukt ? | Haved Fiskeri eller anden Herlighet, der efter Loven av 17de August 1818 § 28 skulde komme i Betraktning ved Skyldsætningen, og av hvilken Betydning ? | Er Gaarden frostlændt eller Gehæftet med andre Særegne Mangler ? | Er Gaarden mere eller mindre almindelig godt dyrket ? | Forslag til Skyldlegning
Spd Ort Skill |
|
| Ved vei
2 1/2 Mil til Søen |
Letbrugt | Intet Fiskeri, men Vandfald | Frostlændt
Utsat for Oversvømmelse |
Middels | 7 1 16 |
I 1873 kom Nils Hanssen bort i to tvistar med Verdalsgodset. Den 7. juli møttest partane til forlik etter at Nils var anklaga for ulovleg hogging i skogen til godset. For Verdalsgodset møtte bruksfullmektig Dahl. Forlikskravet var at Nils skulle betala 5 spdl for skogen som var teken, dessutan skulle han betala 2 spdl til Værdalens Fattigkasse. Han godtok ikkje kravet, og saka skulle seinare opp for retten. Den 10. september vart kan anklaga for ulovleg hogging i skogen til garden. Heller ikkje denne gongen vart det noko av forliket, og saka skulle fram for retten.
Av denne folketeljinga ser ein av Volden var leiglendingsgard medan
han var under Verdalsgodset. Nils Hanssen er kalla gardbrukar og leiglending.
Petter er oppført som drivar for garden, og han er oppført
som eigaren av størstedelen av buskapen. Petter Nilsen Volden hadde
difor så og seia teki over garden i 1875.
| Volden | ||||||
| Født | Fødested | |||||
| Nils Hansen | Husfader | gift | Gardbruker, Leilænding | 1802 | Bjørnør S og Prgj. | |
| Barbro Anna Andersdatter | Hans Kone | gift | 1804 | Fraastens S og Prgj | ||
| Peter Nilsen | Søn og Husfader | ugift | Driv Gaarden for faren | 1841 | Aasens S og Fraasten | |
| Nils Nilsen | Nils Hansens Søn | gift | Farmeier og Bruger | 1844 | Vuku S | Tilreisende. Bosted Jakson Canty, Minnesota |
| Bergitte Nilsdatter | Nils Hansens Datter | gift | 1847 | " | Tilreisende. Bosted Levanger Landssogn | |
| Johannes Olsen | Tienere | gaardsdreng | 1854 | |||
| Anna Serine Nilsdatter *) | hushalder | 1851 | ||||
| Karen Olsdatter | budeie | 1854 | ||||
| Liva Olsdatter | tienestepige | 1859 |
|
|
|
|
|
|
|
|
||
|
|
|
|
|
|
|
og Kid |
|
|
| Nils Hansen |
|
|
|
|
|
|
|
|
| Peter Nilsen |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Bygg
Tønder
|
|
Poteter
Tønder |
|
2
|
|
8 |
Petter Volden flytta til Munkeby i Frol og dreiv denne garden nokre år. Foreldra hand døydde, og Volden vart ledig. Han reiste så heim og forpakta garden til han fekk kjøpa han ved skjøte av 14. april, tinglyst 25. april 1884. Skylda var 7 dalar 1 rot 16 skilling. Kjøpesummen var 7500 kr. Han betalte 5000 kr kontant, for resten vart det tustet ein panteobligasjon i garden til seljarane. I skjøtet står det at garden vert begrensa av Helgåa og Malsåa, dessutan av gjerdet mot Leirset. Garden fekk bruksrett til Volden seter i Skjækerdalen, men berre i den utstrekning det er naudsynt for krøttera som vært vinterfødde på garden. Virke til reparasjonar, gjerdefang og ved er det berre høve til å fø første etter utvising. I staden for at Volden tidlegare hadde hatt bruksrett til Tveraadals seter, skulle han no få dei same rettane til den såkalla Skjækerdalsvold ved Skjækervatnet. Utvising av virke måtte også her skje før det vart hoggi. Retten til Tveraadalsseter fall for alle tider bort.
Verdalsgodset tok unna rett til å nytta elvebreddane til å leggje tømmeret sitt på under fløytinga, dessutan rett til fritt å ferdast over eigedommen utan ansvar for skade.
Den 2. mars 1904 foretok J Getz i Verdalsgodset og Petter Volden eit
makeskifte som gjekk ut på at midtlinja i elva skulle danna grensa
mellom Volden og Verdalsgodset. Ein holme ved Storøra som tilhøyrde
Verdalsgodset, hadde på grunn av at elva hadde teki nytt leie, komi
på same sida som Volden. Volden åtte ein holme ved Nordnesset
på sørsida av elva. Meininga med makeskiftet var difor å
få bort desse upraktiske tilhøva.
| Volden | |||
| født | |||
| Petter Nilsen | 1841 | Husfar | |
| Anna | 1851 | Husmor | |
| Gundbjørn Johanessen | 1851 | Tienere | Gaardsarbeider |
| Iver Andersen | 1882 | - " - | |
| Julius Johansen | 1887 | Tienestegut | |
| Juli Andreasen | 1881 | Husgjernings-tiener | |
| Marie Aneusen | 1884 | - " - |
Petter dreiv garden i mange år og vart til slutt ein velstandsmann. Han bygde ny stovelån likeins som ho på Munkeby utan å ta opp lån.
Petter Volden hadde ingen barn. Olaf Olsen Varslåtten (7)
tok over garden for Petter i 1913. Det var meininga at han skulle få
kjøpa Volden. Etter kvart skjøna Olaf at Petter ikkje ville
skriva skjøte, men fekk så skrivi kjøpekontrakt i 1913
med tanke på at han skulle greia seg som skjøte. Kjøpesummen
var 8000 kr. Krøttera og reiskapen følgde med i handelen.
Petter tok unna å få kjøpa att garden for same sum dersom
Olaf Olsen ville selja eller flytta fra garden. Petter Volden testamenterte
alt sitt til barna til Gustav Haga.
Petter var onkel både til Gustav og
Olaf.
Etter brannen og etter Petter hadde døydd i 1923, gjorde Gustav
Haga krav på garden. Olaf fekk likevel behalda han, da kjøpekontrakten
no viste seg å greia seg som skjøte slik som han hadde rekna
med.
I 1924 selde Olaf Olsen ein parsell på 5 dekar, Volden skole, gnr 180/2, til Verdal kommune. Skjøtet vart tinglyst 17. november 1924. Skylda for den fråskilde delen vart fastsett til 20 øre. Skyldmarka som stod igjen på hovudbølet var da 9,80. Kjøpesummen var 1500 kr.
Kommunen fekk rett til å ta springvatn de det var mest gunstig, og Olaf Varslot tok unna å få nytta deira vasskomme. Den retten gjorde han seg ikkje nytte av. Det var først sonen som gjorde seg nytte av det 28 år etterpå. Kommunen vart pålagt plikt til å halda gjerde rundt skolen, og dessutan plikt til å halda det ved like.
I 1925 vart det fråseldt ein parsell på 45 dekar, Lie, gnr 180/3, til Arne Leirset. Kjøpesummen var 1500 kr. Skjøtet vart tinglyst 16. juli 1926. Skylda for den fråskilte delen vart sett lik 1 mark. Den gjenverande skylda til hovudbølet vart da 8,80 mark.
Den 11 oktober 1937 vart det haldi skylddelingsforretning i salet av Vollset, gnr 180/4. Kjøpesummen var 2000 kr og storleiken var omlag 102 dekar, av det var det oppdyrka 15 dekar. Skylda for den fråskilte delen vart sett til 0,60 mark, og igjen på hovudbølet stod da 8,20 mark.
Den 30 oktober 1945 kom Olaf Varslot overeins med sonen sin, Petter Varslot, om sal av garden Volden med skyldmark 8,20. Kjøpesummen var 12000 kr. Eigedommen skulle overtakast frå 1. april 1946. Med i kjøpet og utan tillegg i kjøpesummen følgde 2 hestar, 4 kyr, 2 sauer, alle gards- og køyrereiskapar (vognar, sledar, etc) og nok sed av korn og poteter. Det som følgde med vart verdsett til 6000 kr.
Kårkontrakten gjekk ut på at kjøparen skulle setja i stand den minste stovelåna til korstove. Kårtakarane skulle ha høve til og rett til å bruka bur og kjellar, og elles rett til å bruka naudsynte rom i uthusa. Dei skulle dessutan ha rett til å få den naudsynte ved; han skulle vera hoggen og oppbevart i hus. Kårtakarane skulle elles ha 2 sauer fora året rundt, og rett til rom for ein gris. Dessutan skulle det ha følgjande ytingar: 3 liter mjølk pr dag, 4 kg smør pr månad, 400 kg bygg, 300 kg havre, 1000 kg poteter, 50 kg flesk og ein to-vekers kalv pr år. Kårtakarane skulle ha rett til å få nytta hest forspennt passande køyretøy når det måtte forlanga det. I tilfelle kårtakarane skulle ønska det, kunne dei i staden for den nemnte kåren forlanga full kost og forpleining, pleie i tilfelle sjukdom, og rett til å bu saman med kjøparen.
I 1954 overdrog Petter Varslot ein parsell, Lunheim, gnr 180/5 med skyldmark 0,12 til ein verdi av 1000 kr som gave til Volden skolekrins til bygging av samfunnshus. Partslaget Lunheim har lov til å taka vatn på grunnen til seljaren dersom vannkommane vert haldne i slik stand at dei ikkje er farlege for beitande krøtter. seljaren har rett til transport av tømmer og ved over eigedommen. Den skylde som nå står igjen på hovudbølet er 8.08 mark.
I samband med at det skal innleggjast automatsentral i Helgådalen, vart Telegrafverket og Petter Varslot 22. oktober 1965 samde om at Telegrafverket skal få ekspropriera ei tomt til telefonkiosk til automaten på garden. Som vederlag har Telegrafverket betalt ein eingongssum på 300 kr. Dessutan skal det gratis verta innlagt telefon på garden. I tillegg til det får garden fritaking frå grunnavgifta som godtgjøring for at Telegrafverket skal få oppretta talestasjon på garden.
Telegrafverket har teki unna rett til å tinglysa eksproriering
| Laurits | åra omkring 1600-1620 |
| Kristoffer Rasmussen | omkring 1650 |
| Ellev Anderssen
(kona til Ellev dreiv truleg garden fra 1704 - 1706) |
1655-1704 |
| Laurits Hofstad | 1706-1710 |
| Jon Kristensen Volden | 1710-1728 |
| Anna Katarina van Stricht | 1728-1735 |
| Jon Kristensen Volden | 1735-1752 |
| Kristen Jonsen Volden | 1752-1791 |
| Ole Iversen Haugan | 1791-1792 |
| Ole Iversen Haugan og Sevald Kristensen Volden | 1792-1805 |
| Sevald Kristensen Volden | 1805-1821 |
| Kristen Sevaldsen Volden (Lein) | 1821-1840 |
| Sivert Evensen Høyslo (Volden) | 1840-1854 |
| Nikolai Jenssen (el Verdalsgodset)
( i denne tida var Nils Hanssen Bjørstad leiglending) |
1854-1884 |
| Petter og Anna Volden | 1884-1913 |
| Olaf og Ragnnild Varslot | 1913-1946 |
| Petter og Kari Varslot | 1946-1974 |
| (Magne og Else Margrethe Varslot) | (1974- ) |
her er oppsatt nedadstigende linje fra Hans Chriensen Nedreaaseg
f. 1766, Neverdal, Innset til Peter Nilsen Volden. Det er foreløpig
ikke innført her, men slektstre kommer
Torkild Amundsen er sonen til Amund Torkildsen Kulsli som igjen er bror til Peder Torkildsen Åkran (Sjå ættetavla). (foreløpig ikke innført her). Det vil seia at husmannen Torkild Amundsen, f. 1762 er fetteren til tippoldefaren til Olaf Olsen Varslot.
Den einaste husmannsplassen ein veit sikkert kvar har legi, er "Håggån"
på omlag 15 dekar. Husmannsplassen låg litt vest for garden
Li, som for det meste vart fråseld Volden i 1925. Jo og Kjersti Håggåa
dreiv plassen omkring 1875-85. Dei var oldeforeldra til Marta Kolstadeng
som lever i dag. Eit slåttlandstykke, "Håggåslettet",
straks framanfor Volden seter, tilhøyrde denne husmannsplassen.
Skjækerdalssætra, straks framanfor Skjækervatnet, kom under Volden i 1884, da Petter Volden kjøpte garden. Setra høyrde tidlegare til Langdalen, som også hadde tilhøyrt Verdalsgodset. Setra vart overdregen til Volden fordi Langdalen hadde slutta å nyttiggjera seg rettane sine der, og dessutan fordi Skjækerdalssetra låg lettvintare til enn Tveraadals-setra, da garden tidlegare rådde over Volden seter, som også låg i Skjækerdalen.
På kartet er Skjækerdalssetra oppteikna som to setrar som ligg på kvar si side av elva. Grunnen er at Langdalen bygde hus på begge sider for å fara minst mogleg over elva med krøttera. Den første delen av sommaren heldt dei til på nordsida, der graset var tidlegast, og på ettersommaren på sørsida.
Da Petter Volden overtok setra, hadde han byrja ta skade, og all innhengning hadde falli ned. Han fann setra for avsidesliggjande, og slo berre ein gong der inne, og da saman med Leirset. Han slo da Skjækerliene, på nordsida av elva ( ved «Nord-vollen»). Der var myrene tørre og fine, og det var så mykje gras at etter dei hadde slegi graset, og skule breia det, vart det «einbreia», det vil seia at graset dekka hele myrene under breiinga, og det forekom sjeldan.
Volden seter vart i gammal tid kalla Bekkjavollen. Når dei første husa der vart bygde, er uvisst, men Kristen Volden bygde den gamle høybua i 1832. På Volden er det gøymt ein stokk som vart saga ned frå denne høybua på Volden seter da ho vart reven i 1940. På denne stokken står
Stokken er fra 1832 da høybua vart bygd, og initialane tilhøyrer Kristen Sevaldsen Wolden (Lein)
I 1933 vart det bygd nye hus på setra, og stova vart da flytt opp på rabben der ho no står frå sletta nedanfor, der det var heller blautt. Den vel hundre år gamle høybua vart reven, og det vart bygd ny i 1940, fordi den gamle var for tungvint; ho mangla mellom anna langbru. Dessutan var ho så lita at det da var naudsynt å laga ein eller to høystakkar kvart år.
Som regel vart det dregi til fjells med dyra i første eller andre veka av juni, og dregi heim att i skilnaden mellom august og september. Det var vanleg med ei setertaus og ein gjetar.
Korkje Petter Volden eller Olaf Varslot slo slettene rundt omkring Voldavollen. Dei slo berre sjølve vollen som var innehengt. Siste veka før dei drog heim kvart år, vart gjødsla frå sommaren spreidd utover vollen. Av den grunn vart det ei avling på 7-8 vinterlass høy, som var ganske bra i høve til det vesle jordarealet. Høyet vart køyrt heim på støttingar om vinteren, og det gjekk med ein dag til kvart lass.
Under siste krigen kravde tyskarane at folk skulle levera melka på
meieriet, og det vart lite seterdrift. i 1946 vart det heilt slutt.
Brannårsaka var ganske sikker i elektrisitetsnettet. Det var brukt leidningar med tyisolasjon på, og denne tålte ikkje mykje fukt. Elektrikaren som hadde lagt ledningsnettet, nytta ikkje ekstra isolasjon gjennom veggene. Det har sikkert vorti overledning i den råe lufta i uthusbygningane. Ein bør også nemna at elektrikaren seinare vart avsett på grunn av uforsvarleg arbeid over alt.
Folka på garden flytta etter brannen til Kolstad austre og Lillegård.
Frå omlag 1887 hadde det vori fast skole på garden. Denne vart no flytta til Kolstad nordre til det vart bygd skole i 1923.
Uthusa på garden vart oppbygd i 1923. I februar 1923 flytta dei
ei lita stovelån og eit bur fra gruvene i Malsådalen fram til
Volden. Dei budde så i denne stova, som no er kårstove, til
det vart bygd ny stovelån i 1928.
I 1901 gjekk det eit større ras på garden. Det var eit område på ca 50 dekar dyrka jord ("Skrea" som området vært kalla idag) som rasa ut. Dette var i slåttonna, men medan arbeidsfolket var heime til middag. Allmennvegen gjekk den gongen over deette området, og ei kvinne, Julie Helmo, var så vidt komen over rasstaden og bort i Holvikbakken da det gjekk. Elles raser det ein del kvart år, for etter kvart som elva søkk, vart elvemelane for bratte, og noko må gli ut. Melane vil difor aldri heilt verta grasbundne.
Før dei stygge elvemelane vart til, gjekk både Malsåa og Helgåa så høgt at jorda alltid var i fuktigaste laget. I flaumtidene var det ofte så mykje vatn i elvane at dei rann saman utanfor garden, og dermed la så og seia heile dyrkajorda under vatn. Dette førte ikke så sjeldan til store øydeleggingar. Den fuktige jorda gjorde at det før 1893 aldri vart sådd bygg utanfor "Høgda". Olaf Varslot har fortalt at dei ein gong hadde brukt båt for å samla opp kornstaur som hadde vorti teki av flaumen.
Trass i at Volden har mista omlag 100 dekar jord på grunn av gjennombrotet
til Hærfossen, har i alle fall den jorda som er igjen vorti mykje
betre enn den garden tidlegare hadde.
Likevel ser det i dag ljosare ut for framtida til garden, og ikkje berre for garden, men for heile grenda. Det skal no truleg byggjast ein 29 m høg dam for å få elva til å stå stille oppover dalen. Dette vert et prosjekt til 12,5 millionar kroner, men det ser i dag ut til å væra den einaste løysinga for å redda grenda, og dermed garden Volden.
2. Matriklar er offentleg register som omfattar alle faste eigedommar på landet og som oppgjev skatteskylda deira. (retur)
3. 1 skjeppe = 17,37 liter (retur)
4. Leidangen, det gamle norske landvernet, var basert på inndeling av kystdistrikta i skipreider som kvar stilte skip, mannskap og proviant til kongens rådvelde for eit visst tidsrom. For 1200 var leidangen ein fast skatt; kongen fekk årleg ein del av provianten sjølv om skip og mannskap vart liggjande heime. I 1300-åra mistar leidangen heilt verdet sitt som sjøvæpning, men eksisterte vidare som skatt gjennom heile unionstida. (retur)
5. Avlingane vart tidlegare oppgjevne i fold i forhold til såmengdene. Eks 10 fold = såmengda x 10. (retur)
6. Det var ikkje vanleg at alle sakene kom opp for retten ti den tid. Ein kan rekna med at det ikkje vart noko meir av denne saka ettersom ho ikkje er å finna i sakslistene. (retur)
7. Namnet Varslot har hatt mange vidt ulike
skrivemåtar. I 1590: Werslodt, 1626: Varslott, 1664: Warslett, 1723:
Worslett. Omkrig århundreskiftet vart det skrivi Varslåtten,
like eins som gardsnamnet Varslåtten. I dag varierer det mellom Varslot
og Varslott, men i kyrkjebøkene står det Varslot. Namnet bør
sannsynlegvis delast slik at siste leddet er slått, hannkjønnsordet
slåttr (gammalnorsk: slåtteland, slåtteeng) Å tyda
første ledd er neppe mogleg, da notidsforma synest å vera
avsleten og ein ikkje har namnet i særlege gamle former. Med omsyn
til sjansane av at det kunne innehalda eit elvenamn, kan det nemnast at
elva som går forbi garden Varslåtten heiter Skitrenna.(retur)